Det må vera rom for fleire syn, dagsavisen.no

Leiv Olsen

[…] Det er fullt mulig å fordømma det russiske angrepet, gi Ukraina støtte til å stå imot, og samtidig kritisera politikken USA/NATO førte før angrepet. Støtte til Ukraina treng ikkje innebera våpenstøtte, og i alle fall ikkje at me gir dei alt dei ber om — det fyrste dei bad om, var at NATO skulle skyta ned russiske fly, med andre ord: starta tredje verdskrig. Tilmed USA har vore tilbakehaldne med å levera tanks, og har til no ikkje vore villig til å levera jagerfly. Det er fullt mulig å støtta Ukraina og samtidig støtta FNs arbeid for ei forhandlingsløysing. Likevel blir dette stempla som umoralsk. Men kravet om at alle skal gå i takt, er farleg. Skal krigen kjempast til Krim er gjenerobra, Russland er varig svekka og det russiske samfunnet ligg i ruinar? Er dette oppnåeleg, og i så fall: til kva pris? Ingen har oversikt over konsekvensane av ein slik politikk. Rand Corporation, oppretta for å gi vitskaplege råd til USAs forsvar, trur ikkje Ukraina kan vinna tilbake grensene frå 2014. Mange norske ekspertar, som Tormod Heier, Sverre Lodgaard, Julie Wilhelmsen og Cecilie Hellestveit, trur ikkje det finst noka militær løysing; ein eventuell militær seier kan bare tenkast etter mange års krig. Kva vil Vesten i Ukraina? spør Lodgaard, og finn ingen svar. I denne situasjonen er det siste me treng eit krav om at alle skal tenka likt og alle skal gå i takt. Det kan bety å styrta verda utfor stupet. Läs artikel