Amerikanske bombefly flaug over Finland for første gong, nrk.no

To amerikanske bombefly fauk sørover frå Noreg og inn over Lappland i Finland søndag. Tre tankfly følgde dei, skriv Yle.

Ifølge det finske forsvarsdepartementet var det snakk om ei treningstokt koordinert med allierte land.

Finlands forsvarsminister Antti Häkkänen har omtalt hendinga på X. Han kallar det «normal aktivitet som blir utført på territoriet til eit Nato-land». Og at det handlar om avskrekking og forsvar.

To russiske kampfly tok til vengene, då dei to B-52-flya var i ferd med å krysse grensa til russisk luftrom over Barentshavet, ifølgje det russiske forsvarsdepartementet. […]

Dette er langt frå normalt, skriv Barents Observer.

Amerikanske B-52-fly har aldri floge over Finland før, utdjupar forsvarsanalytikar ved Norsk utanrikspolitisk institutt, Per Erik Solli til NRK. Men dei har øvd over Island, Danmark, Noreg og Sverige i fleire år, fortel Solli. […]

Utanriks- og forsvarspolitisk talsperson i Raudt, Bjørnar Moxnes meiner tokta bidrar til høgare spenning med Russland.

– Å fly strategiske bombefly med kjernefysisk kapasitet over Noreg og Finland er med på å gjere våre område, Norden, til eit område med høgare spenning, seier han.

Raudt meiner også flygingar som denne bidrar til å gjere Nord-Noreg til eit oppmarshområde  mellom stormaktene.

– Som jo er i strid med det som har vore norsk interesse i mange tiår, nemleg å ha låg spenning i det høge nord, seier Moxnes. Läs artikel