Den japanske grasrotorganisasjonen fekk tysdag overlevert Nobels fredspris til storslått seremoni.
Prisen heidrar innsatsen deira for å oppnå ei verd fri for atomvåpen, og vitne om kvifor atomvåpen aldri må brukast igjen.
– Når vi no går inn i år 2025, beveger verda seg inn i det mange skildrar som ein ny og meir ustabil atomalder, sa leiaren for Den norske Nobelkomite, Jørgen Watne Frydnes, i opningstalen. […]
17 av representantane som har kome til Noreg er sjølve «hibakusha», det japanske ordet for overlevarar av bombene i Hiroshima og Nagasaki. Nihon Hidankyō har vore nominerte mange gongar før, først allereie i 1985. Men mykje har endra seg i nyare tid, sa representant Terumi Tanaka i takketalen.
– Sjå det føre dykk, dersom de kan: i dette augneblikk står 4000 kjernefysiske stridshovud klare til å bli fyrte av, heldt han fram.
– Fleire hundre, fleire tusen gongar større øydeleggingar enn dei som råka Hiroshima og Nagasaki, kan skje når som helst. Läs artikel