Orlogskaptein reagerer på Noregs prioriteringar, tv2.no

Norge skal ikkje delta når Nato no startar eit nytt oppdrag i Austersjøen. Samtidig sender Norge ein fregatt til Stillehavet. Det reagerer orlogskaptein Tor Ivar Strømmen på. […]
– Bidrag til Nato og Austersjøen må balanserast mot å vere til stades i eigne nærområde og sikring av eigen infrastruktur, som også er viktig for våre allierte, opplyste pressevakt Marita Isaksen Wangberg.
Dette poenget forstår orlogskaptein Tor Ivar Strømmen ved Sjøkrigsskolen godt, men han stiller spørsmål ved prioriteringane som styremaktene har gjort.
I år skal Norge delta med ein fregatt i ei britiskleia hangarskipsgruppe, som skal segle i Indo-Stillehavet.
– Norge har få fartøy og store utfordringar med manglande mannskap. Når vi sender ein fregatt til Asia, vil det suge kapasitet og mannskap frå alle andre oppgåver, seier orlogskaptein Strømmen, og stiller følgande spørsmål til styremaktene:
– Kvifor får eit bidrag til våre naboar og Austersjøen lågare prioritet enn operasjonar i Asia i lag med britane? Läs artikel