Wilhelmsen mottar prisen for sitt viktige bidrag til den offentlige debatten, spesielt gjelder dette Norges forhold til Russland.
Priskomiteen hadde følgende begrunnelse for valget av Wilhelmsen til Skjervheimprisen 2020:
Julie Wilhelmsen er ei av dei dyktigaste og modigaste stemmene i den utanrikspolitiske debatten, særleg når det gjeld vårt forhold til Russland. I lang tid har ho arbeida iherdig for å skapa forståing og nyansera fiendebilete av vår stormaktsnabo i aust. Dette har tidvis vore upopulært i politiske krinsar, men det har bidrege til å stimulera den elles ganske neddyssa debatten rundt norsk tryggingspolitikk. Wilhelmsen si deltaking i offentlegheita byggjer på forsking på toppnivå, noko som gir tyngde og presisjon. Hennar evne til å opna opp viktige samtalar og problematisera premiss har ein klar skjervheimsk kvalitet over seg, og er av ein karakter som komiteen gjerne skulle sett endå meir av i norsk offentlegheit. Läs artikel