Ine Eriksen Søreide (H) seier det var viktig at Nato fekk halde utanriksministermøte midt i pandemien. Eit bevis på at vi kan tilpasse oss, seier Nato-sjefen.[…]
Ministrane vart samde om at Nato skal ta på seg fleire treningsoppdrag i Irak ved å overta oppgåver frå den breiare globale koalisjonen for å kjempe mot IS. I dag er Irak-oppdraget trappa ned på grunn av koronautbrotet, men skal trappast opp igjen så snart situasjonen tillèt det.
Situasjonen i Afghanistan var òg eit tema på videokonferansen, og Stoltenberg seier at Nato står ved støtta si til ein langvarig fred og stabilitet i landet. Etter at USA og Taliban skreiv under ein fredsavtale, skal Nato redusere nærværet sitt til 12.000 soldatar.
– Det er ikkje bestemt nokon vidare reduksjon, og det vil bli stilt vilkår ved kvart nye steg, seier Nato-sjefen. Det er no opp til afghanarane å komme i gang med samtalar mellom partane i landet.
– Tida er inne for afghanarane til å vise nasjonalt fellesskap til beste for nasjonen, både for å oppnå fred og å kjempe mot viruset. Läs artikel