Sterkt nasjonalt forsvar, nei til utenlandske baser, sagat.no

Vedtatt i fylkesårsmøte 18.2 2024

Noreg er framleis tent med lågspenning i nord. Men vi som småstat er også avhengig av at stormakter ikkje skal kunne ta seg til rette med makt, og må følgje internasjonale reglar. Russland må avslutte den ulovlege angrepskrigen på Ukraina.

Troms er eit av landets viktigaste forsvarsfylke. Vi må basere forsvaret av Nord-Noreg på norske soldatar, og ikkje ha fast stasjonerte allierte styrkar på norsk jord i fredstid. Norsk forsvarsevne må vera sterk og truverdig. Hærens tyngdepunkt i Troms utgjer ikkje ein offensiv trussel mot Russland, og derfor vil plasseringa av styrkane bidra til lågare spenning.

I tillegg til tradisjonell forsvarsmessig beredskap, må vi også sjå behovet for beredskap i andre samanhengar, enten det er aukande ekstremvêr grunna klimaendringar, eller andre krisesituasjonar. Her har det desentraliserte Heimevernet ein viktig rolle i krisesituasjonar. Samtidig må heile befolkninga settast i stand til å bidra til beredskap.

Eit vernepliktsbasert folkeforsvar gjer samfunnet meir robust, og sikrar samtidig at ein større del av medlemmane i samfunnet kan ta del i den opne forsvars- og sikkerheitsdebatten. Opplæring i beredskap kan for eksempel skje gjennom ein utvida sesjon til førstegongsteneste, der alle får opplæring i førstehjelp, beredskap og tryggleik.

Troms SV vil:

· At forsvaret framleis skal basere seg på verneplikt og førstegongsteneste,

· At en skal vurdere en generell opplæring i førstehjelp, beredskap og sikkerhet for alle innbyggere som ikke er tilknyttet verneplikt. Dette kan ivaretas gjennom dagens system for tjenesteplikt

· At vi skal ha eit sterkt nasjonalt landforsvar med Hæren og Heimevernet, der Hærens tyngdepunkt framleis skal ligge i indre Troms. Allierte styrker skal ikkje stasjonerast fast på norsk jord i fredstid. Läs artikel